rangoy's profile picture. Utvandrar, innvandrar, medvandrar. 6533 4-ever. Estisk og norsk er språk som kan meg. Riddar Av DiktQammeret av 1ste Grad med Egeløv. Veit om nokre vågar.

Øyvind Rangøy

@rangoy

Utvandrar, innvandrar, medvandrar. 6533 4-ever. Estisk og norsk er språk som kan meg. Riddar Av DiktQammeret av 1ste Grad med Egeløv. Veit om nokre vågar.

«Oljefondet kjøper USAID»


Gi Diktkammeret eit godt nytt år: spleis.no/diktkammeret


Russland sender no ein armada av tankskip for å uskadeleggjere heile NATOs flåte.


Eg trur mange ting mange idiotar trur. Gjer det meg til mange idiotar?


– Du har ikkje særleg originale tankar. – Nei, eg veit det. Men det er mykje drivstoff i dei.


Du sa noko ein gong du, som eg beit meg merke i. Eg kjem ikkje på kva det var, men har framleis vondt i tennene.


Du treng ikkje å forstå alt for å bli geni, berre det ingen har forstått før.


Somme har så mykje å fare med at dei sjeldan fer


– Då samlar du glødande kol på hovudet hans – Det passar fint, for der er det berre grillar frå før


Snø er eit godt alternativ til flass, særleg om vinteren


Om du vurderer å ete harsk kattemat: ikkje gjer det.


Det finst berre ein rett måte å gjere ting på, og den er feil


Problemet med dritsekkar er ikkje driten, men tomemballasjen.


Problemet med gode råd er ikkje at dei er dyre, men at dei er små og kjem innpakka i høystakkar.


– Dette fjellet var ikkje her då eg var ung. – Jau, det var det. Men ikkje du. – Men no er eg det. – No er du det.


Han gjekk for kjøtdeig. Ho kalla valet ein farse.


Har du sagt a, må du finne ut korleis b skal uttalast


Min kjærleik er open frå ni til fire.


Framtida er her. No står det berre att å sjå korleis fortida blir.


Loading...

Something went wrong.


Something went wrong.